Ålesund kommune sin kunstnarpris skal tildelast kunstnarar på høgt nivå eller særleg talentfulle unge kunstnarar.
Alle innbyggarar, organisasjonar og institusjonar i Ålesund kommune kan fremje forslag om kandidater til prisen. Forslag på kandidatar må ha god grunngjeving.
Kven kan motta prisen?
Kunstnarprisen kan tildelast biletkunstnarar, brukskunstnarar, filmkunstnarar, forfattarar, komponistar, scenekunstnarar, tonekunstnarar og andre som tilfredsstiller kunstnariske krav.
For å kunne få tildelt prisen må vedkommande vere busett i Ålesund kommune eller ha særleg tilknytning til kommunen.
Mottakar av Kunstnarprisen får eit prisbeløp på kr 10.000,-, arbeid av lokal kunstnar til verdi rundt kr 4.000,- og eit diplom.
Kven avgjer kven som skal få prisen?
Komite for kultur og medborgarskap behandlar og tildeler prisen. Komiteen kan også velje kandidater som ikkje er foreslått av andre.
Frist
Frist for innsending av kandidatar til kunstnarprisen er 1. september kvart år.
Utdeling av prisen
Kunstnarprisen blir delt ut på kommunestyret sitt desembermøte.