I 2023 får alle som fyller 11 til 15 år i 2023 dekka inntil 2000,- kroner i året til medlemskontingentar/deltakaravgifter til faste, organiserte aktivitetar.
Aktivitetsoversikt og bruk av fritidskortet
Du finn faste, organiserte aktivitetar og arrangement for barn og unge i Bømlo på www.aktivitetforalle.no
For å bruka fritidskortet går du inn på Aktiv fritid sine sider. Her kan du bruke fritidskortet til å betala ei rekning du har fått for ein medlemskontingent eller deltakaravgift eller få refundert slike betalingar.
Merk at det tar om lag ei veke frå du har betalt fakturaen til betalinga blir registrert i fakturaportalar osv.
Me vil gjerne at lag og organisasjonar registrerer seg og sine aktivitetar, slik at dei blir synlege i portalen.
Saknar du ein aktivitet du deltek på, er det ein aktivitet du kunne ønske var i Bømlo eller har du spørsmål? Send oss gjerne epost på aktivitetforalle@bomlo.kommune.no.