Kven kan søkja
Frivillige lag og organisasjonar som driv frivillig kultur- og fritidsarbeid i Time, og som tilfredsstiller krava til oppstartingstilskot, kan søkja.
Føremål
Frivillige lag og organisasjonar kan søkja om tilskot til delvis dekking av drift til lags verksemda.
Konkret gjeld dette utgifter til m.a.:
- administrasjon og leiing
- kontorutgifter, telefon og porto
- aktivitetsmateriell - husleige
- opplæringstiltak
- utdretta verksemd/kulturarrangement
- reiser og deltaking i arrangement som følgjer den ordinære drifta
Storleik på tilskot
Driftstilskotet skal ikkje overstiga 50% av driftsutgiftene for organisasjonen. Driftstilskot kan berre løyvast til organisasjonar som sender med godkjent rekneskap, årsrapport og aktivitetsplan for komande år.
Kommunale tilskot må kvart år prioriterast innafor den økonomiske ramma som er fastlagt i årsbudsjettet.
Driftstilskot vert gitt etter visse kriterium, der eitt kriterium er betalande medlemmar. Eit medlem vert i denne samanhang definert som:
• registrert i laget sine medlemslister
• betaler årleg kontingent til laget
• ein person reknast som eitt medlem sjølv om vedkomande er medlem i fleire undergrupper
• kasserar og leiar skal underteikna på at medlemstalet som er gitt opp, er rett.
Driftstilskot til barne- og ungdomslag vert rekna ut etter følgjande mal:
40% vert rekna ut frå talet på betalande medlemmar under 20 år.
20% vert rekna ut frå aktivitetsnivå. Talet på undergrupper, opne arrangement og andre utadretta aktivitetar gir rett på tilskot (skal finnast i årsrapporten).
30% vert rekna ut frå kostnadsnivå med bakgrunn i godkjent rekneskap.
10% vert rekna ut frå skjønn. Skjønn vert gjort ut frå ei kulturpolitisk vurdering om kva som til ei kvar tid er viktige satsingsområde, eller om det finst særlege årsaker til å gje ekstratilskot.
Viss rekneskap og budsjett tilseier det, får barne- og ungdomsorganisasjonar ikkje avkorta tilskot viss tilskot etter tildelingskriteria syner eit høgare beløp enn søknadsbeløpet (jf møte i Klageutvalet 11.09.2006, sak 010/06).
Reell søknad sum er ein føresetnad for tildeling etter skjønn. Behovet må gå fram av søknaden (jf møte i Klageutvalet 11.09.2006, sak 010/06).
Meir informasjon og elektronisk søknadsskjema finn du på time kommune.no. Søknadsfrist: 1. mars.