LivOGLyst er eit program og nettverk for deg som ønskjer å vidareutvikle lokalsamfunnet ditt. Eit LivOGLyst-prosjekt skal legge til rette for at alle som bur i området, får høve til å bidra. No kan du gjennom ein friviljug organisasjon søkje om tilskot.
Kva saknar du og andre i ditt lokalsamfunn? Fleire møteplassar, fleire aktivitetar, fleire gode samtalar i kvardagen?
Føremålet med LivOGLyst er å styrkje lokalsamfunnet i brei forstand; styrkje lokal identitet, lysta til å bu og lokalt næringsliv.
Programmet handlar om å mobilisere dei som bur i eller har tilknyting til området. Det gjer ein gjennom å samla folk på tvers av alder og andre sosiale skilnadar og saman peike ut ein veg mot eit meir levande og inkluderande nærmiljø. Næringsutvikling kan vere ein del av dette.
LivOGLyst er eit program som er utforma og blir gjennomført i eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland og Innovasjon Noreg Vestland.
Kven kan søka?
Her er alle velkome til å søka –det vere seg bygda sine etablerte eldsjeler eller dei nysgjerrige nytilkomne!
Men det er eit krav at arbeidet må forankrast i lokalsamfunnet med eit frivillig lag/foreining som eigar og leiar av prosjektet. Dette laget må ha eit organisasjonsnummer.
Fleire organisasjonar kan gjerne samarbeide om eit LivOGLyst-prosjekt – det samsvarar ypparleg med programmet sitt fokus på brei mobilisering.
Om du ikkje tilhøyrar ein etablert organisasjon, men tenkjer at LivOGLyst er noko for deg og ditt lokalsamfunn – kontakt din kommune og få hjelp til å starta opp.
• Eit frivillig lag/foreining må eige prosjektet
• Ei arbeidsgruppe på minimum 5 personar skal ha hovudansvar for prosjektet
• Kommunen eller andre utviklingsaktørar kan vere med som initiativtakar til søknad.
Kva tilbyr vi?
• Nettverk med andre eldsjeler i LivOGLyst-programmet
• Samlingar og konferansar for LivOGLyst-prosjekt i Vestland fylke
• Kursing i prosjektmetodar
• Rettleiing i prosjektarbeidet
• Økonomisk tilskot
Alle LivOGLyst-prosjekt byrjar som eittårige forprosjekt; eitt år hovudsakeleg til å mobilisera, kartlegga og identifisera ønskje og idear i lokalsamfunnet.
LivOGLyst-forprosjekt (eittårig) vert tildelt finansiell stønad for eitt år, kr 80 000
Etter forprosjektsperioden kan ein søka om å verte hovudprosjekt. Om innvilga får ein stønad i tre år til å vidareutvikla LivOGLyst-prosjektet.
LivOGLyst-hovudprosjekt (treårig) vert tildelt finansiell stønad, kr 390 000 fordelt over tre år.
For hovudprosjekt skal også den aktuelle kommunen bidra med finansiell stønad til prosjektet, kr 90 000 fordelt over ein treårig periode.
Kva kan tilskotet gå til?
• Prosjektleiing (inntil 50%)
• Kompetanseheving/kurs
• Nettverksbygging
• Mobilisering
• Innkjøp som mogleggjer planlagde aktivitetar
Kva forventar vi?
• Ein god søknad, innan fristen
• Eit formalisert samarbeid mellom kommunen og prosjektet. Støtteerklæring frå kommunen skal leverast som vedlegg til søknaden. Kommunen skal utpeika ein kontaktperson for prosjektet. For LivOGLyst-hovudprosjekt skal kommunen medverke med minst kr 30 000 årleg til prosjektet
• Deltaking på samlingar og den årlege LivOGLyst-konferansen
• Årleg skriftleg rapport om prosjektstatus
Les meir og søk elektronisk på vestlandfylke.no