Fylkeskommunen lyser ut midlar til prosjekt og kompetanseheving i biblioteka. Tilskotsordninga skal stimulere biblioteka til å prøve utviklingsprosjekt og tiltak som gir eit betre tilbod til brukarane av bibliotektenesta. Terskelen for å søke skal vere låg og ordninga gjev rom for å støtte mindre prosjekt. Det kan også søkjast om støtte til kompetanseheving.
Fylkeskommunen ønskjer å bidra til at dei kommunale biblioteka kan drive aktiv formidling, vere uavhengige møteplassar og arenaer for offentleg samtale og debatt, og til at dei kan gi innbyggjarane betre tilgang til kunnskap, litteratur og kulturopplevingar.
Bakgrunn
Til grunn for ordninga ligg behovet for å utvikle folkebiblioteka som relevante kulturarenaer, læringsarenaer og møteplassar, jf. §1 i folkebiblioteklova. Å arbeide med prosjekt er ein viktig måte å skape endring, utvikling og kompetanseheving i biblioteka.
Fylkeskommunen ønskjer å gi folkebiblioteka økonomisk støtte til å eksperimentere og prøve ut nye tiltak gjennom kreative idear. Store endringar i sektoren krev bibliotektilsette med oppdatert og ny kunnskap.
Kven kan søkje
Ordninga gjeld folkebibliotek i Vestland fylke. Ved interkommunalt samarbeid, må éin kommune vere ansvarleg søkjar.
Stønadsbeløp
Tiltak vert støtta med inntil kr. 50 000. Det er ikkje krav om kommunal eigendel.
Satsingsområde
Det blir gjeve støtte til prosjekt og tiltak innanfor desse satsingsområda:
• debatt og samtale i biblioteket
• aktiv formidling på ulike plattformer og arenaer
• inkludering
• fremjing av nynorsk språk og litteratur
• auka digital kompetanse i befolkninga
• samarbeid med andre bibliotek, barnehagar, skular, frivillige lag og organisasjonar
Det blir gjeve støtte til:
• studiepoenggivande etter- og vidareutdanning
• organisering av kurs og konferansar for bibliotektilsette i fylket
Tiltaket skal vere nytt i det aktuelle biblioteket. Det kan søkast om støtte til personalkostnader og kompetanseheving til gjennomføring av prosjekt. Innkjøp av utstyr vil berre bli støtta i den grad det er vesentleg for gjennomføring av tiltaket. Det vert ikkje gitt støtte til tiltak som bør vere del av vanleg drift.
Krav til søknaden
• Søknaden skal fremjast på elektronisk søknadsskjema. Dette finn du på vestlandfylke.no
• Søknaden skal innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon om prosjektet med budsjett og plan for gjennomføring.
Søknadsfrist
Elektronisk søknadsskjema og årets frist finn du på vestlandfylke.no